Tilbake

Babettes gjestebod

Karen Blixens forteljing om menneskeleg toleranse får liv i Vår Frue kirke.



Karen Blixens forteljing om menneskeleg toleranse får liv i Vår Frue kirke.

Hordaland teater kjem med Babettes gjestebod til Olavsfest.

Karen Blixens novelle er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska, og den set vårt syn på utanforskap i eit granskande lys.

Ragnhild Gudbrandsen har omsett og dramatisert teksten og er sjølv skodespelar i denne inderlege monologframsyninga. Stig Amdam har regi, mens Nils Økland har laga musikken, basert på norske og franske salmar.

Historia:
Prostedøtrene Martine og Philippa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi, og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.

Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.

DAG OG TID: «Vakker teatermonolog. Stemningsfull framsyning av evig aktuell klassikar».

Norsk Shakespearetidskrift: «Babettes gjestebud klang som en vakker salme. … Gudbrandsen spiller med behersket mimikk, kroppspråk, sang og stemme, og skiller de ulike karakterene godt fra hverandre med sin skuespillerkunst.»

 

Billettpris: 275,- inkl. avgift
Nummererte sitteplasser
Plass til rullestol og ledsager selges via telefon 815 33 133
Dørene åpner ca. kl. 18:30
Ingen aldersgrense

Kjøp billett
     
Logo Miljøfyrtårn